Påskegudsteneste langfredag
I Sunnylven kyrkje var det gudsteneste med song, musikk og tekstlesing på langfredag.
Sokneprest Ann Kristin Langeland takka mange for deltaking i gudstenesta på langfredag i Sunnylven kyrkje.
To unge jenter, Olivia Frøysa Hånes og Ingeborg Fivelstad Stadheim deltok med vakker song, det same gjorde Oddbjørg Stadheim.
Astrid R. Ringdal deltok med tekstlesing, Gunnar Inge Eide trakterte både piano og kyrkjeorgel, og Tonje Støverstein hjelpte med lystenning og meir.
Sokneprest Ann Kristin Langeland, tok også del med tekstlesing og meir.
Det vart ei vakker stund i Sunnylven kyrkje på langfredag. Songane dei tre framførte vart svært så stemningsfullt på denne høgtidsdagen i påska. Og ikkje minst, å kunne hente fram gode songarar slik ein alltid kan i Sunnylven er ikkje sjølvsagt i kvar bygd.
Med stødig tonefylgje frå Eide blir det berre vakkert, det blir høgtid over det heile.
Også tekstlesinga hadde sin plass i Sunnylven kyrkje. Det vart ei god stund for dei frammøtte, ei samling til ettertanke der bodskapen på langfredag kom godt og tydeleg fram.