Lokalnytt

Roger Sevrin Bruland samla stort frammøte

Roger Sevrin Bruland og kona Britt Pernille Frøholm møtte eit stort publikum på Hellesylt.

Heile 180 personar kom til Sunnylven Pensjonistlag sin temakveld måndag 25. mars. Mange ville høyre NRK-journalist Roger Sevrin Bruland fotelje frå krig og pandemi i Europa.

På TV-skjermen har publikum dei siste åra blitt kjende med journalist Roger Sevrin Bruland i frå nabofylket i sør. Reportasjane har blitt mange og historiene enno meir dramatiske dei siste åra med krig i Ukraina, og ikkje minst koronapandemien som kom over Europa i 2020.

Det vart sterke historier eit stort publikum fekk vere med på i ein nær fullsett sal i Sunnylven samfunnshus det Sunnylven Pensjonistlag hadde invitert Bruland.

Og det var sterke historier den tidlegare journalisten kom med. Mykje av det vel timelange foredraget var frå krig og elende i Ukraina der Russland gjekk til angrep i februar 2022 og bomba og øydela store deler av landet , spesielt i aust.
Bruland hadde reist rundt om i deler av det krigsherja landet og historiene var mange og dramtiske. Det var sterkt å sjå og høyre kva lidingar krig kan føre med seg, eit meinigslaust åtak på eit fredeleg og godt land med sine 40 million innbyggjarar.

Også pandemien som råka Europa for fire år sidan fekk god dekning i foredraget. Spesielt Italia fekk merke koronaen, og her fekk vi sjå Bruland innpakka i vernedrakter frå topp til tå under sine reportasjereiser.

Mange mista livet i pandemien som etter kvart herja heile verda, men Roger Sevrin Bruland kom frå også denne reisa utan skader.
Nrk-reportaren hadde mange sterke historier som han formiddla til det tallike publikumet på Sunnylven samfunnshus måndag 25. mars.
No har han slutta som nyhendereporter og fått seg ny jobb i heimefylket.

Også ektemaken til Bruland, felespelar Britt Pernille Frøholm var med på besøket til Hellesylt. Ho hadde med instrumenta sine og spela to Kjellstad-slåttar i ein innlagd pause.

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Astrid Langeland takka Bruland hjarteleg for besøk og foredrag og overrekte han gåve som takk. Og sjølvsagt var det køttvareprodukt frå den lokale bedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380