Lokalnytt

Snart hydrogenproduksjon på Hellesylt.

Det nermar seg produksjon av hydrogen ved anlegget på Hellesylt. Denne veka kom utstyret frå Tyskland som Norvegian Hydrogen har venta på.

Det var store lastebilar som rulla inn på Norwegian Hydrogen sitt anlegg på Hellesylt denne veka. Dei kom med utstyr, produsert i Tyskland som selskapet har venta på. Med ei diger kran vart alt løfta av og på plass på anlegget på Øyrane på Hellesylt.

Seinare, rundt 6. april kjem meir utstyr for hydrogenproduksjonen, og dermed er det fyrste store produksjonsanlegget for miljøvenleg drivstoff i gang på Hellesylt.

Vi har fått lov å presentere nokre bilder frå anlegget der utstyret blir lossa på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380