Lokalnytt

Stor og variert aktivitet i Sunnylven sanitetslag

Styret i Sunnylven sanitetslag førebur kaffiselskap på omsorgssenterer i haust. Frå venstre, leiar Hilde Langlo Brekke, Ruth Hole Aaland, Nina Øye Hole, Gerd Helset og Kari Hauso Stadheim.

Den 23 februar var det årsmøte i Sunnylven sanitetslag. Hilde Langlo Brekke held fram som leiar i laget, og i styret elles vart det små endringar.

Sunnylven sanitetslag har lagt eit nytt, godt år bak seg. Det viser ei god og fyldig årsmelding der det vart fortalt om fleire aktivitetar og gode gåver til mange.
Laget hadde 59 medlemer ved utgangen av året, ein medlem har meldt seg ut og to nye støttemedlemer og ein ny husstandsmedlem kom til.

Vi tek med noko av årsmeldinga som årsmøtet vedtok samrøystes:
Laget har gjennomført eit godt arbeidsår og engasjert seg mykje for både unge og eldre i bygda med medlemsmøte og besøk både på omsorgssenteret og i Sunnylven barnehage.

Året starta med binding og sal av fastelavnsris, heile 114 ris vart delt ut saman med brosjyrer om kva inntekta av salet går til.

Turar og møter

På lagsrommet i kyrkjelydshuset har det blitt halde fleire strikkekveldar med godt frammøte, og det vart Kløverturar, gåturar til Shellkaia og tilbake til sentrum.
Elles har laget halde fleire møter der temaet har variert frå samtalar om kreftsaka, og Alzheimer med Nils Jarle Sætre som foredragshaldar, til tryggheitstreff mot brann med brannmeister Inge Teigen og Oddbjørn Nilsen.

Under Sommardagar på Hellesylt vart det kafe i Kyrkjelydshuset med kaffi, kaker, gjærbakst og tombola, og i november vart det basar med godt frammøte og masse gevinstar som gav gode pengar i lagskassa.

Laget har også delteke på møter utanfor bygda. Leiaren var i Ulsteinvik og fekk fagleg påfyll, og i april var laget representert på fylkesårsmøtet i Kristiansund.

Dette er berre litt av det ei svært fyldig årsmelding for Sunnylven sanitetslag fortel om frå arbeidsåret 2023. Laget har halde sju styremøter og behandla 56 saker det siste arbeidsåret. Årsmeldinga vart samrøystes godkjent på årsmøtet.

Val.

Hilde Langlo Brekke held fram som leiar i Sunnylven sanitetslag. Med seg i styret har ho desse:
Nestleiar: Ruth Hole Aaland
Kasserar: Nina Øye Hole
Sekretær: Birgitte Rørhuus-Øie
Styremedlem: Ann Janne Hole (ny)

Varamedlemer:
1. Kari Hauso Stadheim
2. Anne Marie Ljøen
3. Laila Røyrhus

Valnemnd:
1. Ingebjørg Fivelstad
2. Britt Hauge
3. Solfrid Onsøien Lien

Rekneskap:

Den store aktiviteten til Sunnylven sanitetslag gav eit underskot på vel 26.000.- kroner i rekneskapen for 2023. Dei største postane syner 55.000.- på arrangement, og 44.000.- på basar og tombola.
På utgiftssida var gåver og økonomiske bidrag størst med 92.000.- og elles går det fram at laget har hatt mange mindre postar til støtte og arrangement for andre.

Sunnylven sanitetslag har solid økonomi med kr. 411. 101 i eiendeler.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380