Sunnylvscup med merkerenn.
Torsdag vart det, kombinert med ordinær Sunnylvscup, arrangert merkerenn i Hyttehola. Det er begynt å minke med snøv i skianlegget, og temperaturen viste 5-6 plussgrader, men det var likevel fine forhold for langrenn. 48 born og vaksne deltok.
Av desse 48 gjekk 18 merkerenn og alle klarte kravet. Distansen som borna gjekk i merkerennet er noko lenger enn det dei går i ein vanleg Sunnylvscup.
Her er resultata frå merkerennet:
- klasse:
Alma Hole Flo, Jeshan Pacificar.
- klasse:
Emma Korsbrekke 7:53, Sofia S.Hole 14:22
- klasse:
Sofia Pacificar 12:15, Fredrik Fivelstad Stadheim 09:00, Ane Brenne Ringdal 08:35
- klasse:
Siril O. Kjellstadli 12:44, Kai Adam Røyrhus 17:53, Jakob Hånes Frøysa 18:40, Tuva Marie Korsbrekke 11:02
- klasse og eldre:
5 kilometer
Trym Helset 15:29, Linn Kammen 17:51, Gunhild Kvam 31:44, Knut Dag Langeland 21:31
10 kilometer.
Gisle Aaland 31:33, , Per Ingebrigt Karbø 36:34, Magnar Tufte Tyssen 39:12
Tradisjonelt sett blir merkerennet gått klassisk, men i år var det opna opp for at ein også kunne gå i fristil.