Lokalnytt

Tidlegare NRK-journalist Roger Severin Bruland til Hellesylt

Journalist Roger Severin Bruland har opplevd både krig og fred i Europa. Måndag kan du høyre han fortelje om opplevingane på Sunnylven samfunnshus.

Måndag 25. mars kjem tidlegare NRK-journalist Roger Severin Bruland til Hellesylt. Her vil han fortelje om liv og opplevingar frå NRK-jobben, eit tilbakeblikk han har kalla «Frå krig og pandemi til Hellesylt».

Det er Sunnylven Pensjonistlag som har invitert Bruland til Hellesylt. På Sunnylven samfunnshus vil han fortelje frå livet som NRK-journalist, og om dei mange opplevingane han fekk med seg i Europa gjennom fleire år.

Til møtet på Hellesylt kjem også ektemake Britt Pernille Frøholm. Ho er godt kjent som dyktig utøvar på fela si, og truleg får publikum også høyre henne spele slåttar på instrumentet sitt i Sunnylven samfunnshus.  

Har opplevd mykje som NRK-journalist

-NRK-journalisten Roger Severin Bruland har vore utanrikskorrespondent sidan 2019. Det har vore år på ei reise med dramatiske opplevingar. Han stod midt i koronapandemien sitt utbrot i Europa vinteren 2020. Han har dekka flyktningstraumen og brannen i Moria-leiren og var tidleg på plass i Ukraina.

No kjem han til Hellesylt for å ta oss med på litt av den reisa han har vore på. Gjennom ord og bilete inviterer han oss inn på innsida av korrespondanselivet.

Møtet er på Sunnylven samfunnshus måndag 25. mars klokka 19.00.
Bill.pris: Kr 100.-
Ungdomsskuleelevar / studentar: Gratis.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380