Lokalnytt

Vakkert i Sunnylven kyrkje

Koret i Sunnylven kyrkje talde rundt 25 unge og eldre songarar.

Korleiar og pianist Øystein Lund Olafsen har halde gospelseminar i helga 15 – 17 mars med songarar frå bygdelaga i Stranda kommune. Songhelga vart avslutta med konsert i Sunnylven kyrkje.

Det er andre gongen Øystein Lund Olafsen er i Stranda kommune og held øvingar og konsert  med lokale songarar.
Øvingshelga starta i Geiranger på fredag og laurdag, og heldt fram med konsert under gudstenesta i Stranda kyrkje søndag. Seinare same dag var det så konsert i Sunnylven kyrkje.

Til konserten med Lund Olafsen var det samla eit kor på rundt 25 songarar frå bygdelag i Stranda kommune. Og i Sunnylven kyrkje fekk dei falde seg ut i høge tonar og stemmeprakt.

Konserten på godt over ein time vart ei oppleving for knappe hundre unge og eldre som møtte fram i kyrkja i Sunnylven. Her brusa tekst og tonar i vakker klang, det svinga rett så bra i den høgreiste tømmerkyrkja. Konserten vart ei stor oppleving for dei mange vil vi tru, og som takka for konserten med stor applaus. Dei gler seg nok til neste gong og ny konsert.

I alt 13 songar vart framført av pianist Olafsen og dei 25 songarane, dei fleste med engelsk tekst. Kanskje kunne det vore fleire med norske tekstar, men like fullt, det vart ein flott  musikalsk time, ei oppleving i høgreiste Sunnylven kyrkje.

Øystein Lund Olafsen, dyktig og engasjert musikar og kordirigent.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380