Lokalnytt

«Garden som ressurs»

Torsdag 2. mai kl. 20.00 inviterer Stranda kommune og fleire til informasjonsmøte om små og store satsingsprosjekt Innan jordbruket. -Garden som ressurs- har arrangøren sett som tittel på møtet.

På Skinkerådhuset blir det kveldsmøte om tilleggsnæringar innan landbruket.
-Kva skal til for å lukkast med ei tilleggsnæring-, det er spørsmålet Erling Krumsvik frå Sunnmøre kulturnæringshage stiller i sitt tre kvarter lange foredrag.

Møtet er eit opplegg mellom Stranda kommune, Bondelaget, Skaparglede, Skinkerådhuset, Fjordhagen og hoppid.no

Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal opnar møtet torsdag 2. mai klokka 20.00. Han kjem inn på bakgrunnen for møtet, ordningar, føremål og målsetjing, og blir supplert av Åsne Helene Folstad frå Sykkylven.
Også Britt Skjong / Tor Einar Standal blir til stades, det same blir Oskar Gjærde, Grillstad AS som også vil orientere litt om Skinkerådhuset på Stranda.

I tillegg til dei som alt er nemde vil Marie Teigland, frå statsforvaltaren orientere om støtteapparat ved oppstart av bedrift, og Kristine Skarbø og Carlos Ruiz Rabelo vil fortelje om erfaringar dei har gjort seg som oste – og siderprodusentar, med moglegheiter og fallgruber.

Det blir servering av lokal mat og drikke!

Påmelding til; inge.bjordal@stranda.kommune.no, innan 26. april.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380