Lokalnytt

Kritisk til eiga partileiing.

Tidlegare ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad er kritisk til eiga partileiing.

-Senterpartiet sviktar bøndene. Det seier tidlegare ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad. I eit intervju med Romsdal Budstikke er han kritisk til partiet si haldning til norske bønder.

Jan Ove Tryggestad gjekk av som ordførar sist haust etter tre periodar som ordførar i Stranda kommune. Han er framleis medlem av kommunestyret, og bonde med mjølkekyr og sau på garden sin i Sunnylven.

I eit intervju med Romsdal Budstikke er han kritisk til eiga partileiing og politikken den fører i regjeringssamarbeid med Arbeiderpartiet.

-Det har ulma lenge over politikken Senterpartiet fører over for landbruket, seier Tryggestad.
I eit brev frå han og to andre Sp-veteranar går dei hardt ut mot slik partiet styrer for norske bønder.

-Køyrer partiet vidare på den politikk dei no fører får ikkje Sp inn representantar frå Møre og Romsdal på Stortinget ved neste val. Partiet vi trudde var den fremste forkjempar for distrikta kan bli fullstendig radert ut, seier Tryggestad i eit intervju med Romsdal Budstikke.

Tidlegare ordførar i Stranda siktar her til at bøndene må jobbe langt fleire timar i året enn andre yrkesgrupper. Og det handlar ikkje om jordbruksoppgjøret, men korleis bøndene sine inntekter blir i åra som kjem.
-For 20 år sidan klarte bønder å leve av inntekter frå garden, men det går ikkje i dag. Vi må tene pengar for å investere i maskiner og utstyr, så vi aksepterer ikkje at leiinga i Sp vekslar bøndene inn for småpengar, seier Jan Ove Tryggestad.

Kritikken i brevet rettar seg mot Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, landbruksminister Geir Pollestad og resten av partileiinga.
Men også Jan Christian Vestre i Ap får kritiske kommentar.
-Eg har høyrt han snakke flott om norsk landbruk, men vi bygger ikkje eit berekraftig landbruk når bønder skal leve eit langt liv med gjeld det ikkje er mogleg å bli kvitt.

I brevet til Sp-leiinga ber Tryggestad, Kristin Sørheim og Arne Sandnes om at partiet snur når landbruk skal diskuterast i Stortinget torsdag 18. april.

-I ein heil mannsalder har vi bore det grøne kløvermerket på jakkeslaget med byrgheit og frimot. No er det i ferd med på endre seg til skam, skriv Tryggestad, Sørheim og Sandnes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380