Lokalnytt

Mange kom på sanitetslaget sitt temamøte.

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke (i midten) hadde med Rita Eide Ljøen t.v. og Christine Rørhuus-Øie på temamøtet tysdag kveld. Dei to fekk begge blomar for god informasjon.

Hele 70 personar, dei aller fleste damer kom på Sunnylven sanitetslag sitt informasjonsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus 9. april. Kvinnehjartet var saka som dei frammøtte fekk god informasjon om.

Christine Rørhuus-Øie som hadde teke turen til Hellesylt og sanitetslaget sitt møte. Ho er frå Stranda, med er oppvaksen med foreldre og sysken i Sunnylven. No jobbar ho i ambulansetenesta, men også innanfor Røde Kors.

Den unge ambulansearbeidaren heldt ein god time med informasjon om hjarteinfarkt og sjukdom som føl med, god og grundig fortalt frå så snart symptom melde seg til rådgjerer og lindring mot sjukdommen.
Christine kunne faget, og ei stor og lyttande forsamling følgde med på den timelange informasjonen som til slutt vart avrunda med nokre få spørsmål frå salen.

Under møtet fekk dei frammøtte også høyre Rita Eide Ljøen fortelje om sine opplevingar med eit hjarteinfarkt.
I april i fjor var ho på tur ned til kaia på Ljøen og var på veg heim. I motbakkane opp etter turen merka ho at noko var gale i ei hand, den ville visne bort. Ho kom seg heim, men ho hadde framleis ingen smerter. Lkevel kjende ho at noko ikkje var som det skulle. Difor ringde ho 113.
Ambulansen kom raskt og det vart tur til sjukehus der ho fekk medisinsk hjelp og kom seg til igjen.

Sanitetslaget sitt møte var nyttig på mange måtar. Det vart sett fokus på hjartesymptom, og på lindring og hjelp. Også levemåtar som fysisk aktivitet og kosthald var Rørhuus-Øie innom og gav gode råd om.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380