Lokalnytt

Mange ville høyre om matauk med pallekarm.

Maria med den nye boka si.

Vel 100 personar tok turen til Sunnylven samfunnshus torsdag for å høyre på foredrag om matauk med pallekarm. Kjekt at det var mange utanbygdes blant tilhøyrarane. Foredragshaldar var Maria Berg Hestad frå Molde.

Berg Hestad er utdanna sivilingeniør, mor til tre og ivrig grønnsaksdyrkar. Ho driv sin eigen blogg : https://mariaberghestad.no/ og brenn for at kjøkkenhagen er vegen til det gode liv.

I foredraget kom ho mellom anna med tips om korleis ein kan kome i gang med eigen kjøkkenhage av pallekarmar. Tilhøyrarane fekk oppskrifter på korleis ein kan dyrke mykje grønnsaker på liten plass og Berg Hestad fortalte om korleis ein kan bli sjølvforsynt på jord og gjødsel.

I pausen var det enkel servering og ein hadde høve til å kjøpe pakkar med frø og den nye boka til Berg Hestad.

Berg Hestad var ein dyktig foredragshaldar og mange gjekk nok inspirerte heim etter den cirka to timar lange samlinga.

Maria Berg Hestad.

Arrangør var Sunnylven bygdekvinnelag.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info