Lokalnytt

Sunnylven sanitetslag inviterer til temamøte

Kvinnehjartet er tema på det opne møtet Sunnylven sanitetslag inviterer til på Sunnylven kyrkjelydshus. Møtet er tysdag 9. april klokka 19.00

Hjartesjukdomar og kva symptom som ein bør vere merksame på blir tema på Sunnylven sanitetslag sitt ope temamøte på kyrkjelydshuset på Hellesylt.
Christine Rørhuus-Øie frå Stranda Røde Kors og ambulanseteneste blir til stades på møtet og vil snakke og informere om teikn på sjukdom hos kvinner og menn, kva ein bør vere merksame på.
Ho vil også kome inn på kva behandling som kan bli gjeve.

Også Rite Eide Løen vil dele av sine opplevingar om sjukdomen på møtet.

-For å kunne ta vare på oss sjølve og dei rundt oss er dette viktig kunnskap, skriv arrangør Sunnylven sanitetslag. Dei oppfordrar til å kome og ta del på møtet på Sunnylven kyrkjelydshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380