LokalnyttLokalsport

Tap og siger i serieopninga.

Dommar Oddbjørn Aam instruerar dei to laga før kampstart på Sunnylven stadion.

Både G-14 og J14 var i aksjon for fyrste gong for sesongen denne veka. Tysdag var G-14 på Moa og spelte mot Herd sitt 2-lag. Det enda med storsiger 10-2 etter at dei leia heile 6-0 til pause. Ari (3), Sander (3), Oskar (2) og Trym (2) scora bortelaget sine mål.

Onsdag var det J-14 sin tur heime mot Valldal. Heimelaget hadde fleire skade- og sjukdomsforfall til denne kampen. Julie og Alexandra debuterte for heimelaget og Ingeborg måtte ta plass i mål grunna skade på den faste keeperen. Heimelaget kjempa heroisk, men måtte til slutt sjå seg slått 0-2 etter 0-1 til pause. Kine Brevig Gjerde og Malin Stavseng scora bortelaget sine mål. God dommar var Oddbjørn Aam frå Åmdal/Ørsta.

Neste veke skal gutane spele heimekamp mot Aksla 2 på mandag medan jentene tar turen til Ørsta på onsdag.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info