LokalnyttLokalsport

Til topps i Norgescupfinalen.

Elias i full fart. (Foto: Nordfjord Team Tussa)

Elias Helset som representerar Sunnylven IL / Stryn Vidaregåande skole imponerte stort då han laurdag gjekk heilt til topps i Norgescupfinale fellesstart. Løpet vart arrangert på Geilo.

Elias gjekk heilt til topps framfor Jacob Jæger Barth og Oliver Alm. Foto: Nordfjord Team Tussa

Elias hadde to bom på dei 20 skot, og var i mål heile 31 sekund framfor Jacob Barth frå Wang Toppidrett som tok sølvmedalje.

Elias med premien for 3. plass samanlagt i Norgescupen i M 19. Foto: Nordfjord Team Tussa

I tillegg til at Elias vann Norgescup fellestart Norgescupfinalen, sikra han seg med dette 3. plass samanlagt i Norgescupen i M 19.

Det er viktig med god heiagjeng. Foto: Nordfjord Team Tussa

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info