Vakre bilete frå lokal natur
Til møtet i pensjonistlaget i Sunnylven torsdag var Dagfinn Johansen frå Stranda invitert, ein ivrig og dyktig fotograf frå nabobygda.
Av Lars Fivelstad.
På møte i Sunnylven Pensjonistlag torsdag 11. april var samla rundt 50 medlemer. Her fekk dei frammøtte sjå eit stort utval flotte naturbilete frå Sunnylven og andre bygdelag av naturfotograf Dagfinn Johansen.
Han opna med eit bilete frå Hellesyltfossen, eit av dei vakraste motiva han visste. Så fylgde bilete frå dalføra i Sunnylven, og også frå dei aller fleste sidedalane, før vi vart med på «besøk» både i Geiranger, til ulike fjellgardar og så til Stranda.
Foto frå «blåtimen».
Johansen har eit godt blikk for dei interessante motiva, enten det var frå setrestølar, ulike landskap og fargeprakta i naturen til bilete av fuglar. Med hjelp av ulike linser, kunne han og gje bilete forskjellige uttrykk. Han klarte også å gje mange av bileta ei heilt spesiell stemning gjennom å fotografere i blåtimen, eller ved soloppgang eller solnedgang.
Etter ein tur opp til den nybygde og populære Gapahuken, var siste biletet igjen frå Hellesyltfossen, teke ved kvernhuset. Her synte Johansen også sin sans for detaljar ved å få lys i vindauget i kvernhuset. Han sette opp ei lysande lommelykt inne i huset!
Som vel fortent takk frå pensjonistlaget fekk Dagfinn Johansen eit sitjeunderlag av ull, laga i Mongolia.
Orientering og musikk
Til stades på møtet var også Britt Vangen frå Stranda Røde Kors. Ho orienterte litt om ordninga med besøksvenner som er komen i gang på Stranda, og ho ville gjerne at ein skulle få i gang eit slikt tilbod også i Sunnylven. Ho oppmoda folk som kunne tenkje seg å vere ein besøksvenn til å ta kontakt. Interesserte kunne også få opplæring gjennom kurs fortalde ho.
Både til opning og avslutning spela Knut Hanssen, Bjarne Sjåstad og Oddvar Gausdal kjende songar frå repertoaret sitt.
Til sist kunne ein så forsyne seg med sveler og kaffi, før det vart selt årar og gevinstar vart trekte.