Deltok på Lerum Cup
Baneskytinga har kome i gong, mellom anna med Lerum Cup. I år blei det arrangert fem stemner, i Leikanger, Hafslo, Farnes, Knipenborg og Aurland.
Tekst/foto: Ola Vangen.
Beste seniorskyttar frå Sunnylven skyttarlag vart Ivar Fivelstad og Kristian Andre Frøysadal Hauge, Begge fekk poengsummen 1706 av 1750.
Ivar sitt beste enkeltresultat var to gonger 345 i Aurland og Knipenborg, ein 18 og ein 12 plass på dei to stemna.
Kristian Andre sitt beste resultat kom i Aurland med 348. Det heldt til 8. plass blant fleire av landets beste skyttarar.
Vidare på lista finn vi Isak Elias Frøysadal Hauge med 1699, og beste enkeltresultat 343 i Aurland. Det heldt til 33. plass.
Dag Andre Hauge noterte seg for 1660 poeng samanlagt og 339 som beste i Leikanger.
Kirsti Frøysadal Hauge deltok i klasse 1. Ho nådde 1220 og 1250. Det beste enkeltresultat vart 247 i Knipenborg som gav 2. plass.
Ørjan Frøysadal Hauge skaut til 1699, og nådde 3. plass i Aurland med 343 poeng.
I klasse V55 deltok Kjell Oddvar Frøysa. Han skaut til 1706 totalt og ein 20. plass i Leikanger med 344 poeng.
Deltok gjorde også tre ungdommar i dei yngste klassene.
Kai Adam Røyrhus noterte seg 1671 etter fem skytingar. Beste resultat nådde han i Knipenborg med 340 poeng og 16. plass.
Siv-Anita Aasheim Nessan og Sina Helen Frøysa skaut i eldre rekrutt. Resultata vart høvesvis 1691 og 1683 poeng. Begge var best i Knipenborg, Siv-Anita på 13. plass med 347 poeng, og Sina Helen på 9. plass med 349.
Sina Helen var med knapp margin frå å klare det eventyrlege 350-merket når 9-aren (9.9) kom på omgangen.
Neste gong sitt den!!