La ned blomar ved minnesteinen.
Feiringa av 17. mai i Sunnylven starta ved kyrkja. Her la to elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule ned blomar ved minnesteinen til dei frå Sunnylven som fall under siste krig.
Desse var Erling Ingvald Ringdal som fall ved Dombås 15. april 1940. Det var Louis Norman Larsen som kom bort ved eit krigsforlis i Indiahavet 15. juni 1943. Anders Perry Haugen sat i tysk krigsfangenskap og døydde i Bautzen i Sachsen 6. februar 1945. Den fjerde var Asbjørn Olav Tryggestad som vart skoten av ein tysk vaktpost på Hellesylt 4. september 1943.
Dei frammøtte på folkefesten mintest dei falne med eit minutts stillheit.