Målrikt mot Herd 2
Sunnylven G 14 spela seg til ein ny siger, denne gongen mot Herd 2. Då domar Odd Even Svindseth bles for full tid stod det 8 – 1 til heimelaget på Hellesylt stadion.
Kampen mot Herd 2 starta med sjansar til begge lag i sola på Hellesylt stadion måndag. Spelet bølga fram og tilbake, før Sunnylven donka inn 1-0 midt i omgangen. Målskorar var Sander.
Men Herd 2 gav ikkje opp, i alle fall ikkje før pause. Snart stod det 1 – 1 i dommarboka. Då var neste fyrste omgang omme, men så kom to kjappe mål for Sunnylven G 14 ved Sander og Ari. Dermed gjekk laga til pause med 3-1 til heimelaget.
I andre omgang kom fem nye skåringar for Sunnylven, gjestane fekk ingen.
Det vart ein roleg omgang for burvaktar Espe i Sunnylvs-målet. Der i mot fekk gjestane sin gode målmann ein travel omgang.
Fyrst donka Ari inn sitt andre for dagen, så kom Sander med ny skåring, før Jakob la på to gonger. Siste nettsusar ordna Sander og det stod 8 – 1.
Det var ein god kamp av heimelaget mot Herd 2. Kanskje gjorde god kondisjon mykje av sigeren, men samspel, fleire trekk i spelet var også av høgklasse, pasningsspel vi likar å sjå og som andre pinsedag enda med storsiger.
Det blir vanskeleg å ta poeng frå G 14-laget om dei held fram det gode spelet som vart vist på Hellesylt stadion andre pinsedag.’
God domar var som vanleg Odd Even Svindseth, VRF.