Ny siger til J12-laget
J12-laget til Sunnylven er i storform. Dei går frå siger til siger stort sett i alle kampar.
I går var J12 og spelte kamp mot Gjerdsvika/Gursken på ei fin grasbane i Gjerdsvika. Det var sol og vindstille og kampen endte med siger 6-1 til Sunnylven.
Forrige veke var det ein heidundrandes heimekamp mot Bergsøy som endte med totalt 27 mål fordelt på 15 til Sunnylven og 12 til gjestane fra Bergsøy. Det var ein fantastisk spanande og artig kamp fortalte dei som var der!
Tidligare har vi slått Volda borte og Gjerdsvika/Gursken heime samt tapt knepent i veldig jevne kamper borte mot Haddal og heime mot Hødd.
Neste kamp er heime mot Haddal onsdag 5. Juni kl 18.30. Trenar Kim Sture Flo håper mange kjem og heiar!