Stand up på Sunnylven samfunnshus
Laurdag 18.mai inviterer Sunnylven samfunnshus til feststemning med komiker Maria Stavang og pianoentertainer Kjetil Grodås.
Maria Stavang er kjent frå både «Kongen befaler» og «71 grader Nord» på TV, men starta karriere på YouTube under aliaset Piateed. Ho mottok nykomarprisen i 2016 på Humorfest i Bergen og er for tida aktiv med podcasten Vittigpod og fleire stand up show.
Stavang kjem til Hellesylt med eit stand up show vi håper vil skape latter og god stemning i Sunnylven samfunnshus laurdag 18. mai.
Etter showet kjem pianoentertainer Kjetil Grodås på scenen. Han er ein kjent mann for dei fleste. Grodås underheld med kjente tonar som definitivt vil bidra til allsongfaktor og partystemning utover kvelden.
Under stand up showet er det aldersgrense 9. klasse og oppover, men frå dansen etterpå er aldersgrensa 18 år.
Det er langhelg og mai – så her er det berre å legge planar om ein heilaftan på Sunnylven samfunnshus med gamle og nye kjente. Vel møtt.
Dørene opnar kl. 20.30
Show frå ca. kl. 22.00
Dans ca kl. 23.00 – 02.00
Billettar til arrangementet kan kjøpast på tikkio.com
https://tikkio.com/tickets/47016-stand-up-med-maria-stavang
Billett voksen (stand up og dans) 450kr + tikkio avgift
Billett 9 klasse – 18år (kun stand up) 200kr + tikkio avgift
Kjetil Grodås spelar til dans på Sunnylven samfunnshus 18. mai frå ca. klokka 23.00