Lokalnytt

Storfjordsteme søndag 2. juni.

Bilde frå Liabygda

Storfjordstemet 2024 blir arrangert på garden Ansok i Liabygda søndag 2. juni med musikk, talar og servering. Leiar i verneorganisasjonen er Inge Bjørdal frå Sunnylven.

Det er to bruk på Ansok som i dag er eigd av Oddmund Ansok (gnr. 4 bnr. 2) og Stig Eldar Ansok (gnr. 4 bnr. 1). Det går ein fin gangsti om ein går vidare langs vegen mot NV frå Ansok. Ein kjem då først til Kleberg og deretter Hammaren.

Program for Storfjordstemne 2024.
12:00: Bakgrunnsmusikk v/Thea Marie Ytterdal

12:30: Velkomen og orientering om stemnestaden – styreleiar Inge Bjørdal

12:40: Storfjordfanfaren v/Trond Otto Berg – rektor/einingsleiar, Vestnes              kulturskule

12:50: «Eg veit meg ei bygd er inne» med Kjartan Lied til akkompagnement              av Thea Marie Ytterdal

13:00: Helsing frå Einar Arve Nordang, ordførar i Stranda kommune  13:15: Stemnetale ved Frank Sekkesæter, eigar og dagleg leiar av lokal TV-              stasjonen Sunnmøre Live. Ansvarleg for programserien Gardane langs Storfjorden

13:30: Dei gamle fjell i syning om» ved Kjartan Lied (solo) med tonefølgje Thea Marie Ytterdal

13:40: Grunneigar Stig Eldar Ansok har ordet

14:00: Framleis sterke band mellom Liabygda og Berlin v/Marion Pufahl

14:15: Om arbeidet til Storfjordens Venner i 2023, og planar for 2024  v/Odd              Normann Hoff

14:35: Diverse innslag (sal av rømmegraut og pølser (frå kl. 12:00) lotteri, sal             av effektar frå Storfjordens Venner m.m.)

15:15: Avslutning: «Hymne til Liabygda» og litt orienteringer

Vil du bli medlem?
Sidan Storfjordens Venner vart stifta i 1975, har det kvart år vore Storfjordstemne.

Dette er eit viktig arrangement for foreininga. Her vert det knytt kontakt med medlemmane og andre kultur- og historieinteresserte. Det vert orientert om arbeidet som er gjort sidan siste stemne, og fortalt om livet på sjølve stemnestaden. Vidare vert det orientert om planar for året som kjem. Dette er informasjon som storfjordvenene set stor pris på. Dei får stadfesta at det er godt liv i organisasjonen, og at arbeidslysta er høgst levande.

Støtt arbeidet vårt ved å teikne medlemsskap i Storfjordens Venner.
Einskildmedlem 300.-
Familiemedlemskap 500.-
Bedriftsmedlemskap 900.-

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380