Storsiger over Hødd 3
Sunnylven G 14 fekk lett motstand då dei møtte Hødd 3 på Hellesylt stadion måndag. Det enda med siger 11 – 0.
Det kunne ha blitt langt større siger for Sunnylven G 14 som møtte Hødd 3 på Hellesylt stadion måndag kveld. Heimelaget spela seg til store sjansar i begge dei to omgongane på 35 minutt, men spelarane vegra seg for å klemme kule i mål.
Fyrste omgang enda med 6-0 til heimelaget, og i andre omgang vart det eitt mål mindre. Då var også burvaktaren på Hødd 3 god ved fleire høve.
Toppskorar for Sunnylven i denne kampen vart Kai-Adam med fire mål, Jakob skåra tre, Oskar to, Trym og Kristen eitt mål kvar.
God dommar i kampen var Odd Even Svindseth, VRF.
Slik kom måla mot Hødd3:
1-0: Kai-Adam opna skoringane alt etter 3 minutt.
2-0: Jakob la på før det var gått 5 minutt av fyrste omgang.
3-0: Jakob igjen eit par minutt etter.
4-0: Og ny Jakob-skåring 9 minutt ut i fyrste omgang.
5-0: Så kom Kai-Adam igjen
6-0: Kai-Adam fastsette pauseresultatet etter ca. 30 minutt av fyrste omgang.
7-0: Dei eldste spelarane fekk kvile i fyrste omgang. No kom Trym inn og skåra.
8-0: Kai-Adam sette si fjerde skåring like etter.
9-0: Oskar med knallskot, utan sjanse for ein god burvaktar for Hødd3.
10-0: Ny skåring av Oskar.
11-0: Kristen fekk æra av å skåre siste mål i storsigen.