LokalnyttLokalsport

Uavgjort og tap for J14

J14 etter kampen mot Ørsta.

J14 har vore i aksjon to gongar den siste veka. Fyrst var det bortekamp mot Ørsta 2. I den kampen tok Ørsta leiinga etter eit kvarter i fyrste omgang ved Silje Søvik Morstøl. Dette resultatet sto seg til pause. Sunnylven var friske i starten av andre omgang og det var fullt fortjent når Ingeborg utlikna til 1-1 10 minutt ut i omgangen. Ørsta tok deretter over, men kampen ebba ut med uavgjort. God dommar var Felix Murberg Digernes frå Ørsta.

Onsdag 8. mai var Sunnylven vertskap for Vanylven. Det var heimelaget som kom best i gang og Ingeborg sette ballen sikkert i mål til 1-0 etter eit fint gjennomspel. Vanylven utlikna nokre minutt etterpå og rett før pause gav Keisha Nicole Cenabre Kløvning bortelaget leiinga 2-1. Trass sjansar til begge lag enda det med eit knepent tap for heimelaget som kjempa fint og med litt hell kunne fått med seg eit poeng på slutten. Dommar var Odd Even Svindset.

Neste kamp for J14 er borte mot Hasundgot 14. mai.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info