LokalnyttLokalsport

Vant til slutt

G14 etter kampen mot Aksala.

På Ratvika stadion tok vertane Aksla imot laget frå indre fjordstrøk. Ei reise som frå fleire av heimelagets vaksne aktørar vart karakterisert som lang.
Kanskje var det slik også, at reisa til Ålesund var lang og slitsam. Det tok iallfall tid før Sunnylven sitt gutar 14lag kom i gang.

Ålesundslaget hadde henta inn nokre forsterkingar til dagens kamp. Og det merkast. Vertane Aksla tok avspark og det tok berre tre minutt før dei gjekk opp til 1-0 leiing. Utan press på ballførar fekk Aksla sendt avgarde eit nytt skot i det tiande minuttet og det stod 2-0 til heimelaget.

Innkast er mål

Kampen vart spelt på ei relativt lita bane. Det drog Sunnylven nytte av ved to høve. I det 14. speleminutt tok Trym innkastet og fant Fredrik på bakerste stolpe som sette inn reduseringa til 2-1.

Fire minutt seinare var den same oppskrifta nytta, men med andre aktørar involvert. Oskar kasta til Ari som enkelt ordna utlikninga til 2-2, og laga var like langt. (Strengt tatt var Sunnylven kome lenger sidan dei hadde reist heile den lange vegen).

Leiing til pause

Med eitt var Sunnylven til å kjenne igjen. Ballen gjekk hurtigare frå spelar til spelar. Presset var på plass, og målsjansane vart produsert.

To raske mål kom rundt halvtimen. Ei kontring der ballen gjekk hurtig frå spelar til spelar enda opp hos Ari som sendt gjestane i føring før Sander pirka ballen i mål på corner.

Med 4-2 leiing gjekk Sunnylven til pause og påfyll av drikke.

Nesten likt

Fem minutt ut i andre omgang var det Trym sin tur til å score. Ei pasning frå Kristen på midtbana gikk fram til Fredrik på spissplass. Han sentra til Trym på direkten og på en-to-tre, låg ballen i mål til 5-2 leiing.

To raske reduseringar frå Aksla gjorde kampen spennande igjen.

Kampen blir avgjort

Sander var innlanda i alle dei tre neste scoringane. På langpasning frå Oskar valde han å ta med ballen til kortlinja og legge inn til Fredrik som ordna 6-4. Deretter putta han sjølv ballen i mål til 7-4. Og til slutt sette han opp Jakob framfor mål som ordna Sunnylven sitt siste mål for kvelden.

Rett før slutt reduserte Aksla igjen til sluttresultat 8-5 til gjestane.

Sunnylven sitt lag;
Elias, Trym, Ari, Jakob, Kristen, Fredrik, Kai Adam, Oskar og Sander

Tekst: ELH, Foto:RR

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info