Feira jonsok i kyrkjelydshuset.
Medlemer i Sunnylven Pensjonistlag feira jonsok i Sunnylven kyrkjelydshus søndag. Då veret var litt uttrykt vedtok laget at dei feira dagen der i staden for ute ved omsorgssenteret.
Det vart ikkje jonsokbål under arrangementet til Sunnylven Pensjonistlag i år, men feiring av midtsommardagen vart det likevel.
Til samling i kyrkjelydshuset var både medlemer og andre invitert til to trivelege timar med song og servering.
Mange kom til samlinga, kanskje nærare 70 personar var samla då leiar i laget, Astrid Langeland ønska vel møtt. Ho gleda seg over at så mange hadde teke turen på ein litt forblåst søndag. Og kyrkjelydshuset har både gode veggar og tett tak så her var det fint å vere for alle.
Knut Hanssen hadde med gitaren sin og han underheldt med song i fleire bolkar. På programmet stod viser av Johannes Kleppevik, Åge Alexandersen, og eigne viser.
Serveringa denne dagen var sjølvsagt rjomegraut med «pynt» på, og deretter kaffi og små søte kaker.
Og så var det utlodding av fleire ti-talls gevinstar der spesielt det eine bordet i salen hadde den store vinnarlukka denne gongen.
Det vart ei fin jonsokfeiring av Sunnylven Pensjonistlag nok eit år. No tek laget sommarferie fram til ut på hausten ein gong.