Fin kveldsstund i kyrkja

Mange kom til Sunnylven kyrkje onsdag kveld, til song, musikk og gudsteneste. Temaet «pusterom» vart ei fin oppleving for dei vel 70 frammøtte.
Det var mykje vakker song og musikk i kyrkja onsdag kveld, Her møtte vi aktørane Kristin Storstein, Sigurd Drege som begge bidrog med song, og Gunnar Inge og sonen Peter Eide på tangentar og bass.
Prest Ann Kristin Langeland leia det heile og heldt preike der ho la vekt på temaet om at -vi skal, vi skal.
-Det gjer så godt å hjelpe, men kvar set vi grensa. Vi vil så gjerne, men stoppar vi ….
Sunnylven kyrkje er eit flott lokale for både ord og tonar, og folk kom både frå nabobygda Stranda og Sunnylven. Vi trur dei frammøtte fekk ei fin kveldsstund der dei fekk synge med i salmar.
Sigurd Drege har ei sjeldar, mollstemt songrøyst. Og vakkert vart det, det var ei oppleving å lytte til dei to songane han framførte.
Kristin Storstein treng vi neppe mykje presentasjon av. Ho framførte tre songar denne kvelden, like vakkert som alltid med Gunnar Inge Eide på piano og sonen Peter på bass.
Det vart ei vakker kveldsstund i kyrkja onsdag.
Om vi skulle ønske hadde vi tenkt å høyre fleire songar, kanskje ein av til dømes Bjørn Eidsvåg.
Også organisten kunne gjerne spela meir på det gode orgelet i Sunnylven kyrkje, Det trur vi hadde høgda samlinga og kvelden enno meir for mange.