Fjellrosa 4H på badestranda
4H-klubben Fjellrosa hadde aktivitetsdag på badestranda på Hellesylt laurdag 15. juni.
«Medlemane har bestemt at dei vil vere her», fortalde klubbrådgjevar Silje Stadheim.
Fjellrosa 4H har 22 medlemer. Ikkje alle hadde høve til å møte på badestranda denne dagen, men dei fleste var til stades.
Her var det mykje som skjedde, mellom anna var fleire lite kjennelege etter farge i andletet.
Og det var mange aktivitetar å vere med på både på land og sjø. Vi såg tevlingar i fleire konkurransar, ikkje på tid med stoppeklokka, men berre for moro skuld. Og på sjøen var det padling i kajakk, med redningsvest på.
På land rusla fleire rundt, dekorerte med fargar i andletet der smilet vart like stort som før, dei vart både vakre og litt ukjennelege.
Litt lenger inn på land stod også grillen der pølse vart varma og utdelt til alle som ville ha. Heldig klubb som har produsent av go`sakene i bygda og levert det dei måtte ønskje. Og når veret er på lag med både sol og fleire varmegrader, kva meir kan ein då forlange når aktiviteten er ute.
Med andre ord, ein fin dag og eit fint arrangement for medlemane i Fjellrosa 4H.