Lokalnytt

Flott kamp mot topplaget

Topplaget Sula/Langevåg 2 måtte kjempe for sigeren på Hellesylt stadion. Og fem minutt før slutt sikra dei alle poenga mot Sunnylven J14.

Det vart ein fartsfylt og underhaldande kamp då J14-laga til Sunnylven og Sula/Langevåg 2 møttest på Hellesylt stadion søndag 2. juni. Gjestane toppar avdelinga medan heimelaget har nest siste plass på tabellen.
Det såg vi lite av i denne kampen det Sunnylven J14 var godt på høgde med leiarlaget.

Kampen vart eit spanande oppgjør der Sula/Langevåg 2 tok leiinga midtvegs i fyrste omgang.
Kanskje var heimelaget ikkje i gong igjen då etter ein drikkepause på grunn av varmen.
Laga gjekk til pause med 1-0 leiing til gjestelaget.

Andre omgang vart like jamn som fyrste. Spelet bølga over heile bana, og etter 11 minutt fekk Sunnylven si utlikning. Den sette Ingeborg sikkert i mål, utagbart for burvaktaren hos gjestane.

Det gjekk mot uavgjort sjølv om sjansane kom til begge laga. Og fem minutt før slutt var det Sula/Langevåg 2 som fekk det avgjerande målet og som dermed vann kampen 2-1.

Det var nok litt surt for eit godt kjempande heimelag å tape dette oppgjøret, men laget viser stor framgang frå kamp til kamp.
Å tape med berre eitt mål for topplaget i avdelinga er sterkt og gjev tru på nye gode kampar framover.

God domar som vanleg på Hellesylt stadion var Odd Even Svindseth, VRF.

Sunnylven J14 i raude drakter var t ein tøff motstandar for topplaget Sula/Langevåg 2 på Hellesylt stadion søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380