Lokalnytt

Flott kulturskulekonsert i Sunnylven

Sunnylven skulekorps imponerte nok ein gong med feiande flotte tonar.

Det kom musikalske go`bitar på rekke og rad under konserten på Sunnylven samfunnshus fredag kveld. Der var det kulturskuleelevar frå Sunnylven skule som gleda med både song og musikk.

Sunnylven skule er rik på talent og utøvarar på mange instrument. Vi har høyrd skulekorpset og deira gode prestasjonar fleire gonger, og fredag kveld var dei igjen på plass og fylte samfunnshuset med feiande flotte tonar. Dirigent Trond Otto Berg leia korpset i fem melodiar der dei femten musikarane avslutta det heile med «Sunnylvsmarsj» av Helge Fivelstad.
Alltid like triveleg og imponerande å høyre det unge, gode korpset spele, og som vi håper bygda får behalde også i åra framover.

Så var det kulturskuleelevane som inntok scena.
Lærar Synnøve Hjellbakk Hole presenterte ei lang rad elevar med fele og piano som sine instrument
Vi fekk høyre at musikktalenta er mange i Sunnylven. Unge utøvarar med få år på pianokrakken imponerte den fullsette salen og fekk velfortent applaus.

Siril Kjellstadli hadde innslag med song under kulturskulekonserten.

Med øvelse blir også elevar frå Sunnylven skule gode. ‘Øving gjer meister’ – heiter det, noko vi fekk eksempel på av eit par elevar på piano til sist under konserten.

Så kom bandet på scena, samansett av gutar på slagverk, bass og gitar, og leia av sin musikkskulelærar.
Her vart det mykje trøkk, høge tonar og rytme som fylte salen i fleire innslag. Det var musikalsk utfaldelse, som vi trur dei unge aktørane sette pris på. Også publikum lika det dei fekk høyre, i alle fall var applausen god etter innslaga.

Kulturskulekonserten i Sunnylven var imponerande og flott nok eit år. Kanskje er vi litt forsiktige i våre kommentar med dei store, rause ord, men konserten var av dei betre vi har høyrd, tykte vi.
Ros og ære går difor også til kulturskulelærararane Evgenii Zhukov, Stephanie Roux, Synnøve Hjellbakk Hole og Daniel Dvergsdal, samt Sunnylven Skulekorps og Trond Otto Berg som står på og inviterer til slike samkome.

Rockebandet med sin lærar laga god «trøkk» i Sunnylven samfunnshus
Det vart delt ut korpsmedaljer til alle musikantane, og dirigent Trond Otto Berg fekk blomar av styreleiar Oddbjørg Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380