Lokalnytt

Fotballturnering i Spjelkavik.

Vinnarlaget frå Sunnylven, frå venstre Vilde, Aline, Lone, Trym, Magnus, Kaspian. Framme burvaktar Marte som stod siste kampen

Etter god innsats vart det siger i alle tre kampane for Sunnylven under miniturnering i Spjelkavik laurdag.

Spjelkavik var arrangør av ei større miniturnering i fotball laurdag. Her deltok også J-08 laget frå Sunnylven og viste god innsats.
I fyrste kamp møtte dei Skodje, i den neste var Blindheim motstandar, og i den siste Emblem.

Til saman skåra laget totalt 11 mål på dei tre kampane og fekk fire imot.
Mest spanande vart vel kampen mot Blindheim der dei tok ei god leiing, men mot slutten skåra Blindheim to og sigeren vart med eitt mål.
Fleire frå Sunnylven hadde lagt turen til Spjelkavik for å sjå på kampane som vart spela med fire utespelarar og målvakt på bane med store mål. Flott innsats av dei raude og blå som også hadde med gutar for å kunne stille fullt lag.

Mange lag deltok under fotballturnering på Spjelkavik stadion laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380