Lokalnytt

God vekst i jordbruket og i skogen.

Eit grantre lags turvegen i Karbø-marka med ljose, friske nåler i god vekst.

Det har vore god vekst i år, både i jordbruket og i skogen der vi har registrert ljos og frodig farge, spesielt på grantre.

Mange bønder i Sunnylven er alt ferdig med fyrsteslåtten, endre er i full gang. God vekst gjer at det er tidleg i høve til eit normalt år, både ei og to veker. Også i skogen er det frodig vekst denne våren og sommaren. Lauvskogen veks godt og det same gjer nåleskogen.

Turvegen til trimposten i Karbø-marka går i fure og granskog. På tur nyleg merka vi oss at grantrea langs vegen var i god vekst og nålene hadde ein lysare grønfarge enn vanleg.
Vi undra oss litt over kva det tyda på, og stilte spørsmålet til ein av grunneigarane i området, Per Ingebrigt Karbø.
Han hadde ikkje lagt merke til den ekstra frodige grønfargen, men det kan tyde på at det er mykje fart i fotosyntesa og god vekst, sa han.

-Kloroplaster gjev god vekst og dei er akkurat som mitokondriene, dei blir raskt fleire ved gode forhold. God kondisjon aukar effekten av mitokondriene og det aukar igjen tal kloroplaster som dermed gjev grøne planter. Det er nok god vekst i år, meiner Karbø som trur at årsaka til den ekstra frodige ljose grønfargen kjem av det.
Han legg til at han har fått opplysningar om at det også er godt fuglelivet i år, at det er mange kull med fuglar som held til i området og hekkar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380