Lokalnytt

Kort sesong for laksefiske

Leiar i Korsbrekke elveeigarlag, Glenn W. Stadheim til høgre, her saman med elveeigar Arne Korsbrekke. (Foto frå arkivet)

Etter to, tre veker vart det stopp i all laksefiske i 33 elvar rundt om i landet. På Sunnmøre gjeld forbodet i to elvar, Korsbrekkeelva og Austefjordelva.

Leiar i Korsbrekke elveeigarlag, Glenn W. Stadheim er frustrert og forstår ingen ting av vedtaket.
Fram til vedtaket kom fredag 22. juni var det landa 19 laks i Korsbrekkeelva, eit normalt fiske etter tre veker, seier han.

No er elva stengt for all fiske og årsaka har han enno ikkje fått svar på. Fleire gonger har han prøvd på telefon å få svar frå dei som står bak vedtaket, men har ikkje lukkast.

Glenn W. Stadheim synest det er frustrerande å få ein slik beskjed utan meir grunngjeving.
I Korsbrekkeelva hadde det gått opp mykje fisk og fisket såg lovande ut. Han kan ikkje forstå at eit framhaldande laksefiske kan vere til stor skade.

Korsbrekkeelva er også ei god inntektskjelde, ikkje berre for elveeigarane, men også for dei som driv turisme og handel i området. Fiskarane legg igjen pengar, men no går også desse inntektene tapt.

Elva er leigd ut heile sesongen, men no er det stopp. Og kvifor nettopp Korsbrekkeelva, det forstår han ikkje.
Korsbrekkeelva var altså ei av dei 33 elvane i landet det ikkje er lovleg å fiske laks i lenger. Leiaren i elveeigarlaget er som som sagt svært skuffa, han håper berre at forbodet vil vare ein kort periode.
Meldinga gjekk på at det skulle gjelde i to veker, men han fryktar det kan bli lenger.

Elvar i Møre og Romsdal som det er forbode å fiske etter laks i no er Korsbrekkeelva, Austefjordelva, Rauma, Eira og Surna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380