Målfest før ferien
Sunnylven gutar 14 spela sin siste kamp før ferien på Høddvoll i Ulsteinvik.
Av Eivind Louis Helset
Det var vertane frå Hødd som kom best i gang resultatmessig etter at Sunnylven tok avspark. På eit langskot må keeper Elias gi retur som blir fanga opp av ein av heimelaget sine spelarar som set ballen kontrollert i mål.
Det tok 20 minutt før Sunnylven fekk høl på byllen. Eit langt kast frå Trym fant Oskar på bakerste stolpe. Han hadde ein enkel jobb med å skaffe balanse i rekneskapen og dermed 1-1.
Hattrick
Frå benk kom Sander inn og gav bortelaget leiinga. Han scora like gjerne tre mål på like mange minutt og etter 25 minutt var Sunnylven godt framfor Hødd med 4-1.
Kampens prestasjon kom likevel med 5-1 målet. Frå eigen banehalvdel var ballen innom fire spelarar. Heile vegen på ei og to berøringar mellom spelarane. Til slutt var det Trym som fekk sette ballen i mål til pauseresultat 5-1. Langs sidelinja høyrde ein imponerte tilskodarar frå Hødd seie; – Såg du den?
Rett før og etter
Trym scora målet sitt to minutt før pause. To minutt etter pause var det tid for Oskar sitt andre mål i kampen. Eit langskot frå Oskar traff ein motspelar og sette keeper ut av spel og dermed var Sunnylven framfor med fem mål.
Hødd hadde likevel ikkje gitt opp, og på kort tid såg det plutselig ut som at dei skulle kome heilt opp i ryggen på Sunnylven. Tre kjappe mål gjorde sitt til at Sunnylven sin trygge leiing skrumpa inn til 6-4. Var det tid for eit comeback?
Trygga leiinga
Bortelaget Sunnylven lot seg ikkje påverke av måla. På nytt fant spelarane kvarandre på få berøringar. Det var lagt inn frå dødlinja. Det var pasningar på tvers av spelefeltet, og det var skudd igjen. Jakob skaut. Ari dukka opp på bakerste stolpe og Oskar blei spelt fri på bakerste av Ari. Sunnylven scora til slutt ni mål før Hødd reduserte på slutten av omgangen til sluttresultat bortesiger 9-5.
Dette var gutane sin siste kamp før ferien.
Sunnylven sine spelarar; Elias, Trym, Fredrik, Ari, Kristen, Jakob, Kai Adam, Sander og Oskar.