Ønskjer fleire hjelparar til Hellesyltdagane
Hellesyltdagane er den helga i året der mange er i sving for å skape gode opplevingar i Hellesylt. Det er ein dugnadsfest der arrangøren ønskjer fleire hjelparar.
Frå fredag 5. til søndag 7 juli er det igjen Hellesyltdagar, den store sommarfesten på Hellesylt nærmar seg igjen med stormskritt. Då må mange hender i sving og arrangøren ønskjer seg fleire personar som kan bidra med ulike oppgåver.
-Ein god gjeng frivillige har allereie meldt seg, men der er plass til fleire! Om du allereie bur på Hellesylt, eller er utflytta Sunnylving som har planar om å ta turen til Hellesylt denne helga kan du no vere med og hjelpe.
Der er behov for frivillige til å selje grillmat for Idrettslaget, hjortegryte for Skyttarlaget, hjelpe andre organisasjonar, rigge opp til dagane eller rydde ned når festen er over, skriv arrangøren i ei melding til hellesylt.info, og legg til;
-Alle bidrag er velkomne om det er ei vakt på to timar, ein heil dag eller gjennom helga. Oppgåvene er mange, forskjellige og noko for ein kvar smak. Om fleire bidreg litt, blir opplevingane større for mange!
Ta kontakt med Ragnhild Stadheim på ragnhildstad@gmail.com eller via facebook til Ragnhild eller Hellesyltdagane og meld di interesse, så blir det avtalt nærare når og kva du kan bidra med.