Pusterom i Sunnylven kyrkje onsdag
Onsdag 19. juni klokka 20.00 blir alle invitert til Sunnylven kyrkje og «pusterom», og til ei enkel gudsteneste med mykje song og musikk. Les meir i invitasjonen.
-Sunnylven kyrkje inviterer deg til eit pusterom i kvardagen, eit rom for ro, ettertanke og kvile. Ei enkel gudsteneste der du kan lytte til musikken, og kvile i orda og fellesskapet.
Medverkande:
Sigurd Drege (song)
Kristin Storstein (song)
Ann Kristin Langeland (prest)
Gunnar Inge Eide (tangentar)
Peter Eide (bass)
Vi håpar at du vil ta turen til kyrkja denne kvelden, vi skal ta godt imot deg –
står å lese i invitasjonen til samling i Sunnylven kyrkje onsdag 19. juni.