Raus gåve til Storfjordens Venner.
Storfjordens Venner har hittil ikkje hatt ei sikker bålpanne til bruk på garden Ytste Skotet.
Av leiar Inge Bjørdal
Storfjordens Venner er svært opptekne av alt som har med branntryggleiken på denne garden å gjere fordi vi vil vere ille ute om det skulle oppstå behov for brannslokking.
Vi var kjende til at Stranda Stålindustri AS lagar flotte bålpanner i rustfritt stål med inngravert namn på eigar. Vi bad om eit godt tilbod. Resultatet vart ei gåve. Bålpanna med fullt utstyr (m.a. gnistfangar, oppheng for kjele) har ein verdi av om lag 10 000 kr.
Storfjordens Venner synest dette er ei utruleg flott gåve. Dette kjem mange til gode!!
I år vert det vertskap på garden i perioden 25. juni til 2. august. Vi håpar menge vil gjere seg nytte av tilbodet om å besøke garden. I år har vi prioritert ungar/skuleklassar, og då er det spesielt viktig at alt som har med tryggleik å gjere er godt teke vare på.