Lokalnytt

Skuleåret er omme.

Under skuleavslutning i Sunnylven fekk ein fullsett sal høyre Abba-låtar frå scena. Det vart ei oppleving for dei frammøtte.

Ved Sunnylven skule var det avslutningsfest torsdag 20. juni. No ventar sommarferie for elevar og tilsette.

Ein fullsett sal i Sunnylven samfunnshus fekk oppleve mykje moro frå scena torsdag kveld, der elevar frå småskulen og storskulen underheldt.
Innslaga vart introdusert av lærar Liv Norunn Langeland som leia den trivelege avslutningsfesten.

Ja, det vart mykje moro i ein fullsett sal då småskulen kom på scena med sitt program. Publikum fekk høyre gode forteljingar og ikkje minst mykje fin song frå dei unge aktørane.
Her var det ingen sceneskrekk eller redsel for å opptre som vi kunne sjå. Og publikum applauderte som takk for trivelege innslag.

Mykje applaus og jubel fekk også elevane frå storskulen for sitt innslag. Trygge og lite påverka av dei mange frammøtte kom elevane på scena med song og musikk av det store, svenske bandet Abba.
Det vart ei oppleving som blir hugsa av alle som likar det verdsberømte bandet frå nabolandet, for storskulen gjorde så avgjort ikkje skam på dei mange flotte songane til Abba.
Totalt vart det framført 5 – 6 melodiar som vart akkompagnert av gode musikarar, elevar frå same klasse ved Sunnylven skule.

Vi håper å få høyre Abba-konserten med storskulen seinare, kanskje frå utescena under Hellesyltdagane fyrste helga i Juli?

Skuleavslutninga ved Sunnylven skule vart som vanleg flott, både småskulen og elevane frå storskulen gjorde jobben.
Lærar Liv Norunn Langeland leia avslutningsfesten og fekk fram ekstra applaus for dei dyktige elevane. Og mellom innslaga fortalde ho om skulearbeidet gjennom året, også den jobben var imponerande å høyre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380