Testar Hydrogen-anlegget på Hellesylt.
I om lag ei veke har Norwegian Hydrogen testa anlegg på Hellesylt i produksjon. Det fungerer flott og ser lovande ut, seier prosjektleiar Andreas Wenaas Østigård.
Aktiviteten ved Hydrogen-anlegget på Hellesylt har teke seg mykje opp dei siste dagane. Anlegget er blitt rusta opp med gjerde, og det er blitt asfaltert både på det rundt 5.0 dekar store området og av vegar til og frå.
No er testproduksjonen i full gang og det ser lovande ut, seier Andreas Wenaas Østigård.
-Vi har testa anlegget i produksjon i om lag ei veke og det ser veldig, veldig lovande ut. Så langt er det ikkje oppstått problem av betydning, seier Østigård.
Testprogrammet vil halde fram ei stund til, seier han og i september blir det offisiell opning av Norwegian Hydrogen sitt anlegg på Hellesylt.