LokalnyttLokalsport

Tok årets fyrste siger.

Fornøgde jenter etter siger mot Ørsta. Bak frå venstre: Julie, Marta, Tora, assistenttrenar Petrin, Olivia, Erle og Terese. Framme frå venstre: Siril, Ane, Sina, Ingeborg og Aleksandra. Liggande framme keeper Siv-Anita.

J-14 har så langt i sesongen vore uheldig og tapt mange kampar med minst mogleg margin. Denne veka var Ørsta på besøk.

I motsatt kamp tidleg i vår klarte jentene uavgjort så alt låg til rette for nok ein jamn kamp. Ørsta var nok det beste laget i fyrste omgang, men sleit med å få ballen i mål. Det gjorde derimot ikkje Ingeborg når ho fekk sjansen etter ca 15 minutt. Ho sette ballen sikkert forbi Ørsta sin keeper og gav heimelaget 1-0 leiing. Andre omgang bølga fram og tilbake utan at nokon av laga klarte å få uttelling. Ikkje før 2 minutt før slutt – då var ein Ørsta-spelar uheldig å sette ballen i eige mål. Dermed enda kampen 2-0 til Sunnylven og årets fyrste tre-poengar var eit faktum.

Laget viste fine tendensar og god innsats i kampen som vart dømt av Odd Even Svindset. Neste kamp er allereie i morgon, søndag 2. juni mot topplaget Sula. Denne kampen spelast på heimebane og startar kl. 15.00.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info