Lokalnytt

Avduka nye kulturpersonar

Synnøve Hjellbakk Hole drøg kledet av då plansjen om Oddvin Parr vart avduka torsdag før Hellesyltdagane.

I Kulturbedehuset på Hellesylt er nye kulturpersonar avduka. Torsdag før Hellesyltdagane fekk treskjerar Oddvin Parr og felespelar Synnøve Hjellbakk Hole sine heidersplassar.

Eit tjuge-talls personar var invitert til avduking av banner for to heiderspersonar i Kulturbedehuset, no avdøde treskjerar Oddvin Parr, og felespelar Synnøve Hjellbakk Hole.

Ann Kristin Langeland leia samkoma i kulturstova etter at dei to felejentene, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole hadde opna med feiande friske tonar på sine instrument.

Langeland fortalde om utstillinga som vart flytta frå Hægstad Gård til Kulturbedehuset i 2020. Her er samla informasjon om mange kulturpersonar frå Sunnylven, torsdag var det Oddvin Parr og Synnøve Hjellbakk Hole. Anne Jorun Sæten har vore drivkraft i arbeidet med å få utstillinga i stand, ei utstilling som er støtta av Sparebanken Møre, sa ho.

Ann Kristin Langeland kom så inn på personane som hadde fått omtale og skulle avdukast denne dagen.
-Naturen var hans inspirasjon. Ikkje alle detaljar om Oddvin Parr og ikkje alle plansjar er på plass enno, men snart kjem dei, sa ho.
Ho kom nærare inn på kunstnaren sitt liv, om Oddvin Parr sitt engsjement for å få reist Hægstad Gård på Hellesylt og om all den verdifulle kunsten som er i bygget etter han. Ho håpa det snart ville kome ei løysing slik at publikum kunne kome inn og få sjå all den treskurdkunsten som er stilt ut i bygget.
Oddvin var gift og hadde fire born.

Også Synnøve Hjellbakk Hole har fått sin plass i Kulturbedehuset

Ann Kristin Langeland hadde også gode ord om Synnøve Hjellbakk Hole, fødd og oppvaksa i Hornindal, men gift og busett på Lillebø i Sunnylven.
På 80-talet starta felegruppa Honndalstausene opp, på det meste sju jenter der Synnøve var ei av dei. Dei vann mange prisar.
Synnøve er gift med Hans Hole og dei fekk fem born. Ho jobbar i Stranda kulurskule, driv gard, og dei har restaurert Lensmannsstova på garden som dei har fått kommunal pris for.
-Synnøve er alltid positiv og venleg, og det er vi glade for, avslutta Ann Kristin Langeland sin presentasjon av dei to.

Dermed var de klart for opning av den femte, store plansjen som heng frå taket i Kulturbedehuset.
Og det var Synnøve som fekk æra av å drage kledet av og fram kom Oddvin Parr på eine sida, og Synnøve Hjellbakk Hole på den andre.

Ei flott og verdig avduking som vart avslutta med nye, feiande flotte tonar frå dei to felejentene.

Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole drog opp feiande slåttar under kultursamlinga .
Ann Kristin Langeland leia kultursamlinga i Kulturbedehuset

0

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380