Basehopp frå Helsetkopen
Denne veka er fleire fjellflygarar samla på Helset. Det er det 1246 meter høge fjellet Helsetkopen som har lokka dei dit der dei søndag gjorde sine fyrste hopp i godt ver.
Dei landa alle trygt etter det vi kunne sjå, etter den luftige turen frå Helsetkopen.
Kor lenge dei blir på Helset er ikkje kjent, men truleg blir det nokre dagar til. Kanskje kan publikum under Hellesyltdagane 5. – 7 juli få oppleve å sjå luftige svev frå Helsetkopen ?