Danseband opna Hellesyltdagane
Steinar Engelbrektson Band opna Hellesyltdagane fredag kveld med konsert i Sunnylven kyrkje. Ein konsert som samla berre halvfullt hus grunna dårleg ver..
Hellesyltdagane 2024 er godt i gang og fyrste innslag på eit variert program over tre dagar var konsert i Sunnylven kyrkje med Steinar Engelbrektson Band frå nabofylket i sør.
Det vart ein flott konsert med fire gode musikarar og fleire songar i valsetakt på både norsk, svensk og engelsk. Ein konsert langt fleire burde fått med seg, men kanskje veret var ei hindring for mange.
Konserten opna med eit fantastisk flott musikkstykke utan muskarar på scena, men med eit godt lydanlegg i kyrkja. Ei utradisjonell, men flott opning, synest vi, og så heldt dei fire fram, rigga opp i kordøra.
Dei fire festkledde sytte for mykje gla`song denne kvelden. Musikarane med trekkspel, gitar, slagverk og eit tangentinsrument vart ei god oppleving for rundt 150 frammøtte.
Engelbrektson var solist i dei fleste nummer og som med dragspelet og den fotte vokalstemma gjorde konserten til ei stor stund i kyrkja. Og han hadde god hjelp av dei tre andre, musikaren på slagverket levde med i takt og tone av klasse, det same gjorde gitaristen, og dama på tangentar både spela og viste seg som ein god vokalist i fleire songar.
Det vart halvannan time av dei sjeldne i Sunnylven kyrkje, musikalske innslag av noko nytt i Herrens hus. Og kvifor ikkje, slike kveldar gleda unge og eldre mykje, vil vi tru. I alle høve vart det ei av dei gode musikalske opplevingane vi har hatt i den 165 år gamle kyrkja.
Konserten vart avslutta med «Gjev meg handa di ven», men publikum ville ha meir. Som ekstra nummer framførte bandet «Syng meg heim til Nordfjord».
Geir Frøysa frå arrangøren takka musikarane for den flotte konserten og overrekte Steinar Engelbrektson eit bearbeida saueskinn, produsert på garden Øvre Ljøen. Dei tre andre i bandet fekk kvar si and til andesleppet i Hellesyltfossen søndag, også det kan bli verdfullt om nummeret slår til.