Flytter busstoppet på Hellesylt

På Hellesylt har busselskapet bestemt å flytte av og påstiging på rutebussen. Stoppestad fram til 16. september blir no på området like ved ballbingen ved Sunnylven skule.
På ein plakat hengd opp på busskuret ved bensinstasjonen på Hellesylt får reisande med rutebuss beskjed om at busstoppet er flytta. Det blir av og påstiging på området like ved ballbingen til Sunnylven skule.
Dette har fleire reagert på, også sjåførar som køyrer bussruta til og frå Hellesylt, blir det sagt.
Årsak til endringa skal vere den store trafikken av bilar og folk som oppheld seg og trafikkerer i området til busstoppet ved bensinstasjonen, at trafikken av buss, bilar og folk kan skape fårlege situasjonar.
Folk på Hellesylt har reagert på endringsforslaget, dei synest dette er ei dårleg og unødvendig endring. Det er lenger vekk frå ferjekaia om nokon skal reise med ferja til og frå Geiranger, og på det tenkte området på grusbana er ikkje busskur som reisande kan søkje ly under ved nedbør. Det regnar også på Hellesylt.
Dette er eit dårleg og unødvendig tiltak, har hellesylt.info fått seg fortalt.