God sunnylving i ungdomsfinalen.
Det lukkast ikkje heilt for Isak Elias Frøysadal Hauge i finaleskytinga for ungdom på Landsskyttarstemnet i Steinkjer. Det vart 11. plass, men Sunnylvsskyttaren er god for meir på ein god dag.
19-åringen frå Sunnylven skyttarlag starta så bra i finalen på skive fire med tre ti-arar på dei fyrste skota. Men så kom ein åttar, deretter ein niar før eit nytt skot midt i blinken. Men der i frå og ut gjekk det ikkje for den unge og gode sunnylvsskyttaren som enda på 337 og 11. plass, også det eit sterkt resultat i ein finale på Landsskyttarstemne.
Isak Elias Frøysadal Hauge har alltid vist god skyting og har ei lang rad gode plasseringar frå skytebana. Det var difor synd at det ikkje skulle lukkast i finalen denne gongen med eit godt utgangspunkt og 244 på skive fire.
Men slik er denne sporten der det skal så lite til før plassane på resultatlista «ramlar».
Sjølv om han har skote fullt hus på finaleomgangen tidlegare så lukkast det ikkje i Steinkjær denne gongen.
Neste gong kan det gå betre.