Lokalnytt

Gode Hellesyltdagar i brukbart ver.

Årets Sommardagar på Hellesylt er over, eit nytt, stort og vellukka arrangement med god oppslutning er over.

Vi har sett saman denne oversikta med nokre bilete over årets Hellesyltdagar frå 5. til 7. juli. Mykje skjedde så her blir det kortversjon av det arrangøren Hellesylt Næringslag og tettstaden Hellesylt hadde å by på. Alt kom vel i hamn for 35 gong (trur vi) og nok ein gong må frivljuge og andre gode hjelparar få stor ros for flotte dagar, for ein flott sommarfest på Hellesylt.

No kunne staden vore enno vakrare enn den vart denne gongen, for veret var ikkje heilt med i år. Det var bra heile laurdag med mykje sol, men søndag var det overskya utan nedbør.
Men folket kom, det vart eit yrande liv i dei små og trange gatene av unge og eldre, store og små mellom salsboder og meir. Rett så triveleg slik det alltid er under Hellesyltdagane.

Vi har laga eiga sak om kyrkjekonserten med Steinar Engelbregtson Band fredag kveld, ei flott stund i Sunnylven kyrkje. Bandet var også på utescena laurdag, og dei spela til dans på samfunnshuset om kvelden same dag.

Sunnylven skulekorps

Laurdag opna utescena med Jan Ove Tryggestad som programvert. Ein ordrik mann som leia det heile på ein flott måte både laurdag og søndag.
Frå utescena fekk publikum høyre Sunnylven skulekorps som opna det heile med den flotte «Sunnylvsmarsjen», og der etter gjekk det slag i slag med flotte programpostar. Artig med barneleikarringen som dansa, og deretter fekk helse på den store bamsen i brannmanndrakt.

Litt seinare same dag vart motorsykkelen som Tom Cruise brukte under filmopptak ved Helsetkopen i 2020 avduka i eige monter. Dette står like ved oppstillingsplassen for bilar som skal med ferja. Og sykkelen, det er eit vrak utan framhjul, men framleis ein motorsykkel.

I gata var det ope på Gamleskulen og svært mange kom innom den gamle skulestova også i år.
Og ute i gata gjekk handelen godt både frå grillboda til Sunnylven IL og andre salsstader. Det var eit yrande og triveleg folkeliv i gata på Hellesylt.

Vinnar av Hellesyltløpet 2024, Olav Erling Aaland

På Hellesylt stadion gjekk Hellesyltløpet laurdag med god deltaking. Over 80 løparar stilte til start med om lag halvparten i yngre klasser og løype på 1600 meter. Vinnarar i den lange løypa på 6.0 km til Stadheim og tilbake vart Olav Erling Aaland, Sunnylven IL for menn, og Ellen Marie Hoel, Velledalen IL for kvinner.

Sparebanken Møre sine prisvinnarar,

Søndag opna med gudsteneste på Høgreiten. Veret var framleis bra då sokneprest Ann Kristin Langeland opna og ønska rund 50 vel møtt til gudstenesta.
I sentrum starta programmet frå utescena, og der var natursti der over 60 unge deltok.

På Kulturbedehuset samlast mykje folk til foredrag om bygdebokforfatter Peter Andreas Lillebø, framført av Asbjørn Tryggestad. Ei interessant historie om forfattaren, fjellmannen og den bereiste personen som laga fyrste bandet av bygdebok for Sunnylven og Geiranger. Andre band vart sett saman  av fleire.
Snart er det tid for å ta fatt på det tredje bandet, sa programstyrar Ann Kristin Langeland som ønska vel møtt og takka for innslaget.
Under samlinga i kulturbedehuset var også Askjell Molvær til stades og spela fleire korte musikkverk av kjende og ukjende komponistar .
Ei flott samling i Kulturbedehuset som vi bør få fleire av.

Bandet «Fossedur» spela under Hellesyltdagane.

Siste post under Hellesyltdagane 2024 var Det store Andesleppet i Hellesyltfossen. 2000 gulfarga plastfigurar med nummer vart tippa i fossen frå Høge bru og fanga opp like forbi Hellesylt bro. Elleve vinnarar fekk pengepremiar frå 1000.- til 10.000.- kroner, og den aller heldigaste denne gongen  var Line Storstein som vann den aller største premien. Også hellesylt.info gratulerer så mykje.

Og så var Hellesyltdagane 2024 over.
Vi har samla litt, og berre litt av det som skjedde desse tre dagane på Hellesylt, for dagane var fulle av mykje, mykje meir som gleda publikum.
Eit nytt, godt arrangement som også arrangøren Hellesylt Næringslag må vere nøgd med.

Karl Kristian Langeland opna Hellesyltdagane 2024
Geir Frøysa vann Frivilligprisen 2024. Andre på scena Marianne Fivelstad, Ragnhild Stadheim og bak til høgre Jan Ove Tryggestad
På Kulturbedehuset var Askjell Molvær t.v. og Asbjørn Tryggestad
Her er det bamsebesøkpå Hellesylt
Eit motorsykkelvrak
Hellesylt fekk også besøk av «Klypa»
Unge musikarar og songarar imponerte på utescena

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380