Lokalnytt

Godt frammøte på Høgreiten

Andre dag av Hellesyltdagane opna med gudsteneste på Høgreiten. Mellom førti og femti møtte fram i ovrskya opphaldsver.

Det var sokneprest Ann Kristin Langeland som heldt preika på Høgreiten søndag. Ved trøorgelet sat Gunnar Inge Eide, tekstlesing sytte Astrid R. Ringdal for, og den vesle gullfarga handborne kyrkjeklokka brukte Kristin Storstein.

Det vart ei kort, men som vanleg ei fin gudsteneste på flata høgt over Hellesylt sentrum. Unge og eldre kom, eit godt frammøte med fram mot femti personar, samla på dei trauste trebenkane.

Etter gudsteneste med tekstlesing og salmesong vart det servert kyrkjekaffi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380