Lokalnytt

Hellesyltdagar til helga

Andesleppet i Hellesyltfossen, frå Høge bru til målgang like forbi Hellesylt bro avsluttar Hellesyltdagane søndag 7. juli.

Frå fredag til søndag blir Hellesyltdagane arrangert, folkefesten innerst i Sunnylvsfjorden som samlar tusenvis av folk kvart år.

Det blir tradisjonelle, gode Hellesyltdagar til helga, frå fredag 5. til søndag 7. juli.
Dagane opnar med konsert i Sunnylven kyrkje og blir avslutta med Andesleppet i Hellesyltfossen på søndag.

Også i år ventar arrangøren Hellesylt Næringslag godt besøk sjølv om vermeldinga kunne vore betre. Programmet er variert med både opplevingar, handel og underhaldning frå utescena. Og det blir Hellesyltløp, konkurransen for både unge og eldre av begge kjønn.

Vi har fått tilsendt programmet for dagane som vi legg ut her.

Sommardagar  fredag og laurdag
Sommardagar søndag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380