Kåserer om bygdebokforfattar
Søndag 7. juli klokka 14.00 blir det kåseri om bygdebokforfattaren, no avlidne Peter Andreas Lillebø.
Asbjørn Tryggestad blir å høyre på Kulturbedehuset søndag klokka 14.00, Saman med seg har han pianist Askjell Molvær som også vil bidra til ein triveleg time. Det er venta godt frammøte til kulturtimen i Kulturbedehuset.
Tryggestad har sett saman eit timelangt foredrag om den avlidne bygdebokforfattaren som budde i same grenda i Langedalen som Asbjørn Tryggestad kjem frå.
Billettar til foredrag og musikk får ein kjøpt på kulturbedehuset same dag.