Lokalnytt

Blir vigde på Vinjevollen

Laurdag 31. august blir det kjendisbryllaup på Vinjevollen i Geiranger. Der skal Martha Louise gje sitt ja til amerikanaren Durek Verret, ei hending som sokneprest i Ullstein, Margit Lovise Hole skal «sveise» saman.

Det skjer på laurdag 31. august i Geiranger. Der blir det stor bryllaupsfest etter vigsle på den grøne flata på Vinje. Der gifter dotter av dronning og kongen av Norge , Martha Louise seg med Durek Verret, ein sjølvutnemd shaman frå Amerika. Det er liten tvil om at det blir stor feiring i turistbygda når dei to blir vigde til ektepar på Vinjevollen laurdag 31. august. Sokneprest Holte skal vigsle dei to ute på den grøne flata like ved Hotel Union.
At det blir ei folksam affære er vel liten tvil om sjølv om det blir strenge restriksjonar for å kome til. Kor mange det blir veit ikkje vi, men media melder at over hundre journalistar har meldt sin ankomst og interesse for hendinga. Om alle får plass vil laurdagen i august 2024 vise.
Vi håper veret i Geiranger blir bra og ønskjer brudepar og gjestar alt godt.

Festen etter vigsla blir halde på Hotel Union, det største turisthotellet i Stranda kommune. Her vil alle få den beste service både av bevertning og opphald så lenge kjendisbryllaupet varer.
At denne helga blir ei av dei store i turistbygda i år er det liten tvil om. Ikkje berre er der fullt av turistar, men truleg må ein forvente at også fleire frå nærområdet vil prøve å ta seg til Geiranger for å sjå og oppleve nærheit til kjendisparet.

Så er spørsmålet, vil dette gjere Geiranger større og meir populært som reisemål for turistar enn det alt er no. Det får tida vise, men her er vi i tvil. Bygda har alt no eit namn som eit vakkert reisemål, men kanskje vil nokre huske kjendisselskapet i nokre veker, månader eller kanskje eit år eller to. Då kan det meste vere gløymd. Rett nok er det eit bryllaup med to kjente personar denne helga, men slike kjenningar har Geiranger hatt besøk av mange gonger før. Dette er berre ein mann som ektar ei tidlegare prinsesse laurdag.

Vi ønskjer dei to lukke til med dagen. Vi håper alt vil gå som planlagt og at det vert minnerike dagar både for Martha og Durek, og for alle andre som får høve til å oververe det heile.
Vi får det ikkje, menkanskje blir det visuelle inntrykk frå andre media. Dei vil vi nok sjå på.
Bryllaupshelga startar på hotell i Ålesund torsdag. Fredag går ferda vidare med båt til Geiranger.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380