Lokalnytt

Evalueringsmøte for Hellesyltdagane 2024

Hellesyltdagar, ein folkefest av dei største på Sunnmøre, og som arrangøren håpar kan bli også neste år.

Hovudkomiteen til Hellesyltdagane inviterer til eit ope evalueringsmøte på Sunnylven samfunnshus tysdag 24.september kl. 20:00.

Av Ragnhild Stadheim

Komiteen håper bygdefolket vil kome med både ris og ros til årets arrangementet, samt melde seg om ein kan tenke seg å bidra inn i dei ulike komiteane og vere ein del av arrangementskomiteen. Såleis vil dei tradisjonelle dagane utvikle seg og fortsette som ei årleg festhelg på Hellesylt.

Mange er i sving ei slik helg, og mykje skal på plass for å sikre at innbyggarar og besøkande får gode dagar i bygda. Ønsket er sjølvsagt Hellesyltdagar også i 2025 og arrangøren håper difor mange vil ta turen og dele viktige og konstruktive innspel til vidare arbeid.

Set av dato og møt fram på Sunnylven samfunnshus tysdag 24. september kl. 20.00

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380